Få eksperttilbakemelding på søksvideoane dine
Send inn video av søket og få personleg, konkret tilbakemelding frå ein erfaren trenar innan 5–7 dagar. For alle nivå – frå nybyrjar til erfaren ekvipasje.
- ✓ Éin video, éi analyse
- ✓ Opp til 3 minutt film
- ✓ Fokus på enkeltelement
- ✓ Tre videoar, tre analysar
- ✓ Opp til 3 minutt pr. film
- ✓ Fleire tema mogleg
- ✓ Éin lang film
- ✓ Ei lang økt, t.d. sekvens med alle søk i ein konkurranse
- ✓ Opp til 15 minutt film
- ✓ Grundig analyse
Slik fungerer prosessen
Filming
Plasser gjerne kamera slik at eg ser både deg og hunden. Det er viktig for å sjå dynamikken og kommunikasjonen i søket. Bruk naturleg lyd. Du kan og filme med t.d. gopro kamera.
Innsending
Last opp videoen til t.d. YouTube eller annan skyteneste. Ved kjøp får du lenke til eit skjema der du kan sende inn filmen.
Analyse
Eg går gjennom filmen steg-for-steg og ser på mellom anna hunden sitt kroppsspråk, motivasjon, førars arbeid og samarbeidet mellom dykk.
Tilbakemelding
Du får ei grundig skriftleg tilbakemelding med konkrete tips og øvingar de kan jobbe vidare med for å nå måla dykkar.
Sjå eit døme på videoanalyse
Er du usikker på korleis du skal filme, eller kva slags tilbakemeldingar du kan vente deg? Her kan du sjå eit døme på ein film og korleis eg jobbar meg gjennom søket for å finne små detaljar som kan gjere ein stor forskjell for dykk.
Døme på utdrag frå analyse av søk s3i
Fin driv og generelt godt fokus gjennom heile søket. Finner mykje konvergens mellom dei to utlegga, og utreder desse godt i begge retningar. Er tidleg forbi/innom båe områder der utlegga er, antydning til reaksjon på utlegg i det store rommet allerede ved inngang (0:02) men velger sosial sjekk av person først. Styrer derfra raskt inn etter duft inn i den lille gangen (0:05 – nasen går inn først). Der er det truleg ei større duftsamling, og ho går ut igjen, mulig for å finne kantar å følge opp? Rask fin respons på duft på hjørnet mellom romma (0:10 – tempoendring, lukka munn, små retningsendringar), følger derfra inn igjen til det lille rommet, litt opp og så ned langs veggen – før ein ny runde i det større rommet som leder tilbake til gangen. Det kan vere ein typisk bordercollie-runde langs kantane, men uansett viser ho at det er fokus tilbake til eit særleg område i gangen. Litt temposkifte i gangen, følger veggen utover som leder mot duftsamlingshjørnet mellom romma, ny retningsendring opp der med hovudet og tvers over gangen (0:28) og tilbake inn. Innerst i gangen er nye løft med hovudet inne i hjørnet (0:30), litt temposkifter og små retningsendringar, der inne har ho muligens og munnen lukka – den er open mesteparten av tida fram til då. Følger igjen veggen ut av rommet og rundt hjørnet, ser ut til å oppdage personar att og går mot dei (0:34) men får retningsendring mot høgre før ho kjem fram til person (0:36) lite temposkifte med både kropp og haleslag, hale litt ned, hovud ned, stopp, samler kroppen, ser opp på fører og funnmelding. Fører starter belønning og går mot hunden/mot utlegg for restart og derfra…
-snip-
…Det kan og vere nyttig å trene meir på at det står ukjente mennesker inne i søket. Frå filmen ser me at ho eit par gongar gir særleg den eine personen som ho ikkje har møtt før litt merksemd. Det er korte sekvensar og ho vel dei vekk sjølv, så ikkje nødvendigvis noko å legge stor vekt på, men lurt å vite at ho tar slike valg når ein etterkvart skal raskare dekke over større områder utan å gå tilbake.
Det er eit tomt nok rom til at ein del hundar typisk lett velger å ta noko patruljerundar langs veggane. Særleg kan det vere ein typisk gjetarhundgreie, men i tommare rom er det og typisk at erfaringane deira med utlegg er at det ligg på vegg, hjørner og kantar. Slik er det jo og her i dette søket, utlegg på stikkontakt og på ein kant i gangen. Det kan vere effektivt at dei har mest erfaring med å følge veggane, men reflekter gjerne over om det kan vere nyttig med noko meir erfaring av duftspredning frå “midten” av litt tommare rom. Det -kan- oppmode til meir bruk/erfaring av å følge duft som henger i rommet enn å bruke kantar og veggar.
Ein personleg og fagleg vurdering
Analysen er basert på mi erfaring og det eg ser av detaljar i filmen. Sjølv om eg går grundig til verks, vil ein video aldri kunne fange det totale bildet av duftbilde, miljø og hundens dagsform slik det opplevast i sanntid, og eg veit ingenting om kva erfaringar ekvipasjen har frå før.
