Har du opplevd å gå ut frå eit søk og tenke: “Kvifor fann me ikkje der?” eller “Kvifor vart det så klønete?” Som instruktør ser eg ofte detaljar som føraren naturleg nok ikkje får med seg medan dei jobbar. Gjennom videoanalyse hjelper eg deg med å identifisere gap i treninga, tolke hundens signal betre og gi deg neste steg for å nå måla dine – enten det er kvardagsaktivering eller konkurranse.
Kva får du i analysen?
Team-evaluering: Korleis samarbeider de i søket?
Fokusområde: Kva fungerer bra, og kva treng meir merksemd?
Handling-tips: Konkrete råd om lineføring, kroppsspråk og plassering.
Neste steg: Kva øvingar bør du prioritere i neste treningsøkt?
Du sender inn film på opp til tre minutters lengde, anbefalar minst eitt minutt for å få litt blikk på kva som skjer. Du kan og sette saman fleire søk til ein film, men dei må leverast saman som ein film.
Sjå meir om kva me tilbyr innan noseworktrening på www.flythundetrening.no
Slik sender du video:
Når du har kjøpt analysen, får du ei lenke der du enkelt kan laste opp videofila di (t.d. frå mobil eller konkurranse-videograf). Hugs å skrive litt om kva nivå de er på og kva type søk det er (t.d. køyretøy eller innandørs).
Frå kjøp har du eitt år på å levere inn film.






Reviews
There are no reviews yet.