Paws Made Web Handle RABBIT Paws Pocket
Paws Made™-leikene er designa og handlaga i Storbritannia. Dette er belønningsleiker av ekstremt høg kvalitet, skreddersydde for belønningsbasert hundetrening. Paws Made™ tilbyr eit fantastisk utval av leiker som passar til alle typar hundar – enten favoritten er drakamp eller godbitar!
Her får du den verdskjende Paws Pocket-leika, men med eit enkelt og solid handtak i vevd band (web handle). Det gjer leika mykje enklare å kaste, samstundes som det opnar for lett drakamp med hunden.
Paws Pocket™ er den ultimate godbit-dispenseren! Du gøymer enkelt ein eller fleire godbitar i midten, slik at hunden kan belønne seg sjølv når han finn eller opnar leika. Eit fantastisk treningsverktøy for å:
Auke motivasjonen og jaktlysta hos hundar som treng ein ekstra gnist.
Få hunden i konsentrasjon ved at han må bruke hovudet og jobbe roleg for å opne leika.
Sjølve “lomma” blir halden saman av tre kronblad med borrelås (VELCRO®). Du kan sjølv regulere vanskegraden for hunden: Lukk kronblada laust for ein nybyrjar, eller stram godt til for ein erfaren hund som må jobbe for maten. Den er også heilt genial å bruke som eksternbelønning eller target!
Denne modellen blir levert med ein Paws Pocket i storleik Small (Mini). Dersom du ynskjer ein annan storleik på sjølve lomma, kan du leggje inn eit ynskje om dette i kommentarfeltet i kassa.
Kaninskinn er eit naturleg og mjukt materiale. Sjølv om Paws Pocket er forsterka så godt det lèt seg gjere, er ikkje ekte kaninskinn det mest slitesterke materialet mot hard tygging eller heftig drakamp.
Ikkje lat hunden vere åleine med Paws Made™-leiker. Dette er interaktive leiker som er laga for felles leik, trening og samarbeid mellom deg og hunden din.
Bileta er rettleiande og gjengir ikkje alltid fargane heilt nøyaktig slik dei er i verkelegheita.
Storleik og materiale: Sidan det blir brukt naturlege materialar, er alle mål omtrentlige og kan variere noko ut frå kva råvarer som er på lager. Leika blir levert i ein tilfeldig, herleg fargekombinasjon.













Reviews
There are no reviews yet.